Engler daler ned i skjul -
- og snart er det jul! Slik kjente vi det i alle fall i Rindalskirka etter ein liten time med Maria Garli
For 25 år sidan song Maria Norseth Garli i barnekoret under julekonserten i Rindal kirke. Denne søndagen satt ho aleine med gitaren og stemmen sin i kordøra i kirka og framførte gamle, kjente og mindre kjente julesongar til norske folketonar.
«Den fagraste rosa» kom til oss først gjennom den klåre, reine stemmen til Maria, varmt framført med fin innleving. Så følgde dei på rad, «Et barn er fødd i Betlehem», «Mitt hjerte alltid vanker» og «Det kimer nå til julefest», for å nemne nokre av dei mest kjente.
Ikkje alle melodiane var like kjente, men vi vart kjente med dei gjennom sakte, enkel, inderleg framføring.
Gitarklangen låg heile tida bakom og broderte små stjerner under den mjuke stemmen til Maria.
No kan jula komme!
Maria Norseth Garli budde i Rindal fram til 1997, og har besøkt oss med konsert fleire gonger etter at ho begynte som utøvande musikar. Etter musikkutdanning i Gøteborg og Trondheim har ho budd på Fosenhalvøya, men bur no i Trondheim.
Med seg heim frå Rindal fekk ho eit av dei nye gradstokkane med rindalsuttrykk. Overskottet på salget av dei går til det nye flygelet i Rindal kirke.
Arrangør var Arena:Kirke.
Julekonserten i Rindal kirke 1995 kan du sjå og høre her!