Sæterliarennet 2025 - fart og spenning i bakken!

Trollheimsporten var innom Surnadal Alpinsenter under første dag av Sæterliarennet.

Publisert

Det var mange ivrige ungar å sjå i bakken og mildvêret stoppa ikkje moroa. Det vart nesten påskestemning med lukt av nysteikt burger i lufta og til og med eit lite solglimt i ny og ne.

tre folk med skiklær og maskott
Frå venstre: Tore Korsnes, SIL alpin-maskotten, Nils Inge Aasgård og Liv Jorun Aarnes Øverland.
masse folk med skiutstyr nedenfor slalåmbakke
Godt oppmøte av deltakarar, foreldre og publikum.
mann griller burgere
Lyder Bævre var "grillmeister" under dagens renn.
barn og voksen handler i kiosk ute
I tillegg til burger stilte Surnadal IL Alpin opp med sal av kaffe og kaker, og "bakels og græt" så klart.

– Sæterliarennet har ein lang tradisjon og har eksistert så lenge eg kan huske, seier rennleiar Nils Inge Aasgård i Surnadal IL Alpin

120 påmeldte frå Surnadal IL, Oppdal Alpinklubb og Sportsklubben Freidi deltok, og tross mildvêret var forholda bra.

– Ein kjem ned på isen etterkvart, forklarar Nils Inge, og det er kjempeføre!

to personer ser på skjerm i tidtakerbu
Per Olav Hoem stod for tidtaking og Merete Mogstad var kommentator.
mange ski inntil stativ
mange folk utenfor rødt hus
God stemning og masse folk.
ungdom med mikrofon
På ettermiddagen prøvde Selma Stavik Heggset og Marianne Svendsen Fiske seg som kommentatorar.

Sundag 26. januar er det dag 2 av Sæterliarennet med paralellslalåm på programmet. Det blir spennande, med to stk. som renn mot kvarandre samtidig.

Bruk pilene for å bla i bileta nedanfor:

Powered by Labrador CMS