Eli & Oles Adventskalender

På Resvatnet må en langt uti vatnet for å "legg seg oinn"

Svar Luke 6

Dette langgrunne, fine badevatnet heiter Resvatnet og ligg øvst i Resdalen i Orkland kommune der vi også finn setergrenda Vålåskaret.

Publisert Sist oppdatert

Vinnarar av premiar i Luke 6:

Gave: Leikesnøscooter med mann og utstyr
Givar: RBL AS
Vinnar: Vigdis Opøien

Gave: Bokpakke
Givar: SpareBank 1 Nordmøre
Vinnar: Reidunn Kristine Grytbakk

Kommentarar:

Resvatnet

Resvatnet ligg mellom Raudfjellet og Resfjellet ved fylkesvegen som går frå Rindal til Å i Meldal (Orkland).

Utsikt over Resvatnet omtrent frå Sigridfallet

Sigridfallet

Eit gammalt sagn fortel om den vakre Sigrid som var dotter i Vålåsgarden (eller Vålåskaret som mange seier i dag). Ho skal ha hatt mange friarar, men han ho ville ha var ein fattiggutt som far hennar ikkje godkjente. Faren avtala, mot Sigrids vilje, ekteskap med ein som hadde både gard og grunn og det vart stelt til bryllaup. På veg til Meldalskyrkja måtte brudefølget ri over fjellet Mjuken. Der oppe som fjellet er på det bratteste, vikte den ulykkelege Sigrid, i full brudestas, hesten sin utfor eit stup og omkom. Dette skal ha hendt for vel 335 år sidan, i 1687, og plassen dette skjedde på har sidan vore kalla Sigridfallet.

Dette kan være ei påminning om at tvangsekteskap har vore praktisert også her i landet.

Resvatnet som utgangspunkt for turar i Trollheimen

Badebilde er tatt ved forsøk på eit kveldsbad etter en fjelltur til Mjuken. Her er det så langgrunt at etter 50 meter har du ikkje vatn opp knea eingong. Med ei fin sandstrand er det ein fin badeplass for småungar, dersom åta held seg unna. Oss vaksne bli kald før vi kjem så lang uti at vi får "lagt oss oinn".

Skal tidleg krøkast for å bli flinke på padlebrett! Fint med langgrunt øvingsvatn.

Like ved Resvatnet ligg det ein stor parkeringsplass som gjer dette til eit fint utgangspunkt for turar i Trollheimen. Frå parkeringsplassen ved Resheim har Trondhjems Turistforening merka sti til Jøldalshytta og Trollheimshytta.

Resvatnet er også eit fint utgangspunkt for å gå heim til Rindal. Eli har tidlegare skreve om ein påsketur i 1979 der vi gjekk på ski frå Resvatnet og heim til Rindal. Den gongen gjekk vi mellom Raudfjellet og Rindhatten.

https://www.trollheimsporten.no/apriliadamens-fotogalleri-paske/elis-paskeminner/178785

På tur opp frå Raudfjelløyan mot Raudfjelltjønna, Resvatnet i bakgrunnen.

Denne gongen er det bilde frå ein skitur i 2013 frå Resvatnet der vi går mellom Folddalstrolhætta og Rindhatten via Glupen til Rindal.

Opp mot Skaret med Raudfjelltjønna og Resfjellet i bakgrunnen.
På Storrindvatnet med Foldalstrollhætta til venstre og Rindhatten til høgre, Snota i det fjerne. Her er det mesta ei mil med flatt terreng over Storrindvatenet, Langvatnet, Tangvatna og Kvernabekkvatnet.
På tur opp mot Glupen. Her kjem vi snart på turistlina mellom Trollheimshytta og Seterlia, Langlimarka. Her er vi såvidt innom kommunegrensa til Surnadal.

.

Frå Glupen som er høgste punktet på turen og ned mot Bøluvatna, Bolmtrollhøtta til venstre.

.

På Rikmyran ved Litjbølumed utsikt mot Ora.

"Og alle var enige om at det hadde vært en fin tur."

Med på turen var Eli Solvik, Bente Bakken, Lene Bakken, Siv Bakken, Line Flåtten og Hege Bakken. Her oppstilt med Bolmtrollhøtta i bakgrunnen.
Powered by Labrador CMS