Ungdommen prega 17. mai-feiringa i Rindal

Ledar i ungdomsrådet, Vanja Mossefinn, heldt tale for dagen ved Rindal Helsetun, og ungdommen Joakim Sveen Flåtten, tok initiativ til traktortog i lag med folketoget.

Publisert

Nasjonaldagen starta med flaggheising ved Rindal Helsetun og musikk ved Blæst’n og familiegudsteneste i Rindal kirke.

I preika snakka Lene prest om å vere takknemleg. Det er midt i blinken for oss nordmenn ein slik dag og i ei slik verd!

Barnekoret deltok med song, og hadde eg ikkje visst betre, så ville eg trudd at "alle fugler" var inne i trekkspelet til Ronny Kjøsen.

Folketoget gikk frå Rindal kirke til Rindal Helsetun med musikk ved Blæst’n. Etter folketoget med skoleklassene, barnehage og organisasjonar, kom traktortoget. Ingen tvil om at Rindal har bønder med flott maskinpark!

Vanja Mossefinn, som er ledar i ungdomsrådet, heldt tale for dagen. Ho minte oss om 1814 og bakgrunnen for 17. mai, men også om Ukraina og andre land som ikkje har det så godt som vi har det.

Og russen fekk også si helsing, frå at det var berre ei gutesak til slik det er i dag.

- Hugs at alle må få vere med! Inkludering er å spørre om du vil vere med!

Ho ønska dette russekullet, som har hatt pandemien med seg dei siste skuleåra, alt godt.

Til alle som har bunad i dag sa ho at det truleg er det minst brukte klesplagget.

- Bruk det! Kroppen forandrar seg, og kleda krymper viss dei heng for lenge i klesskapet!

Vi vaksne lika også å høre avslutninga til ungdommen:

- Eg er stolt av bygda mi!

Samlinga ved Helsetunet vart leda av Ragnhild Stavne Bolme
Ordførar Vibeke Langli hadde og så ei gratulasjonshelsing til sambygdingane.

Etter samlinga ved helsetunet heldt folketoget fram til Rindalshuset. Der var det leikar for barna, is- og matsalg. Blæst’n serverte musikkinnslag der også.

Kaisa og Astrid var i gang med første isen sin. Kaisa håpa å slå rekorden sin på 11 is denne 17.mai-dagen!
Ida og Anne kosa seg i Mercedesen, men dei lova å vente litt med å kjøre!

Litt seinare på dagen kjørte eit tog av veteranbilar, motorsyklar og russebilar frå Rindal kirke gjennom Rindal sentrum og gjennom nokre boligfelt fram til Rindalshuset.

Powered by Labrador CMS