ANNONSE:

Arkivfoto (2019)

17. mai i Nedre Surnadal

Hovudarrangementet i Nedre Surnadal følgjer same opplegg som for åra før pandemien. Det er gudsteneste i Øye kyrkje kl. 1200. Så blir det oppstilling og start for toget frå Øye stadion. Togavgangen blir kl. 1315 og togturen går via sjukeheimen og endar ved kulturhuset. Ein viser til oversikta under for oppstilling i toget.

Ved sjukeheimen blir det spela to songar, ”Ja vi elsker…” og ”Fagert er landet”, før toget går vidare til kulturhuset. Ved kulturhuset skal ein først synge ”Fagert er landet”. Etter det blir det talar ved hovudtalar, som i år er ordførar Margrethe Svinvik, og russepresident Lars Kristoffer Kårvatn Moen, før vi avsluttar med ”Ja vi elsker…” (du finn songtekstene på m.a. facebook-sida «17. mai i Surnadal»). Det vil bli tilbod om gratis film inne for dei yngste. Ute vil det passere ein flott bilkortesje ei stund etter det faste programmet.

Ungdomsrådet i Surnadal er 17. mai-komité i år, og det er leiar i ungdomsrådet, Hedda Krangnes Edvardsen, som også er leiar av komitéen.

Du finn meir informasjon om dei ulike 17. mai-arrangementa i kommunen på ulike nettsider og på facebook-sida «17. mai i Surnadal» (med atterhald om at ein fangar opp alle arrangementa).

Ha ein fin nasjonaldag!

Oppstilling i toget:

1. Hovudfana

2. Flaggborg – FAU

3. Surnadal skulekorps

4. Surnadal barne- og ungdomsskule (med foreldre og søsken bak 10. klassetrinn)

5. Surnadal hornmusikk

6. Barnehagane

7. Surnadal vidaregåande skule

8. Lag, organisasjonar og andre

Powered by Labrador CMS