Ny serie på NRK
–No får vi eit nytt, friskt pust inn i den norske TV-verda
Måndag var det duka for førpremiere for serien "Nasjonale Turistvegar" kor første episode og nokre tilbakeblikk frå reisene ble vist til innbydde gjester. Serien blei godt teke imot. Folk var imponerte av den kunstneriske og profesjonelle filminga og dei ekte uttrykka både av naturen og programleiaren.
Programleiar Brit Polden og filmfotograf Tor Sivertstøl reiser landet rundt for NRK, og er klare for å presantere seks episodar i ein serie om våre nasjonale turistvegar på ein sprudlande, ekte og fantastisk måte.
Bemerkelsesverdige plassar
Vi har 18 nasjonale turistvegar. Dei to håper og satsar på fire sesongar, så dei får lage ein episode av kvar der seks av dei får doble episodar, tilsaman 24 episodar. Dei dreg på tur i ulike årstider og viser at landet har mange fine plassar heile året.
Møre og Romsdal fylke har gitt produksjonsstøtte, noko som gav serien moglegheita til å ha originalskrevet musikk - først og fremst vignettmusikk - av Jonathan Gregory og Sylvia Strand i Wales.
På førpremieren viste duoen nokre tilbakeblikk frå reisene dei allereie har hatt på dei mange turistvegane, ein liten kortfilm frå Lofoten i vinter og ikkje minst første episode av den komande nye serien.
Brit meiner at det er så mange plassar, både kjente og mindre kjente, som alle verkeleg må oppleve:
–Har dykk ikkje vore der, så må dykk dra dit no! smiler Brit oppmuntrande.
Dei seks episodane som kjem ut no på nyåret, er to frå Geiranger - Trollstigen, to frå Lofoten, og ein episode kvar frå Atlanterhavsvegen og Varanger.
Barnedraum
Dette er ein serie som er laga i Distrikts-Norge av to som lever ute i distriktet; Sivertstøl frå Gursken på Sunnmøre, og programleiaren er frå Raudsand. Sistnevnte er nyinnflytta moldenser, men har både etternavnet sitt og sterke aner frå Surnadal.
Filmfotografen har erfaring innen faget i en årrekke, og har vore bak kamera under blant anna "Olav på Kvipt" og "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Men kor kjem det nye TV-fjeset ifrå?
Brit har alltid vore god med ord og glad i å formidle. Ho er ei engasjert dame med mange ballar i lufta, og har óg litt erfaring frå tidlegare foran TV-kamera saman med Monica Ugelvik-Bognø frå eit matprogram for rbnett.no. Første måndagskveld på nyåret, debuterer ho på TV-skjermen for NRK.
Ho set stor pris på å bli spurt om dette oppdraget. Det er ein draum ho har hatt frå ho var lita, då ho drøymde om å få reise på audition til "Midt i smørøyet".
–Så det å få gjere noko som man har drøymt om frå ein var liten og sat inni ei pappeske med eit utklipt vindauge og lata som om det var ein TV og liksom intervjua folk inni... å få gjere det når man er såppas vaksen som eg er, det er ganske spesielt, smiler ho og er svært takksam og glad for at Tor gav henne denne moglegheita.
Bredt spekter
Sivertstøl Film presanterer seks episodar kor sjåarane får flotte naturopplevingar rett i stova presantert av ein anerkjent gullrutevinnar av ein sunnmøring og ein forholdsvis fersk romsdaling med - bokstaveleg talt - naturtalent, i sitt rette element.
Dei har i første omgang avtale med NRK om å sende ein sesong, og her får dei to vist fram vakre turar kor den energiske programleiaren er seg sjølv - ei sprudlande dame med masse følelser på utsida. Så her får vi sjå både latter, irritasjon, spontan glede med barnleg sinn, lykkerus, redsel for høgder og enorm begeistring i skjønn harmoni.
Hennar entusiasme, iver og glede over å sjå naturperler er ein stor fryd å få vere vitne til. Sivertstøl fletter saman musikk, film og tale på ein meget fin måte.
Idéen
Filmfotografen fekk denne idéen allereie for 15-20 år sidan då han jobba med serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" medan han køyrte på vakre vegar rundt i landet saman med Oddgeir Bruaset og lydmannen.
Sivertstøl, som liker seg best bak kamera, har heile tida tenkt at turistvegane måtte formidlast saman med ein engasjert person, og at dei måtte dra på dei stedene for å vise vedkommandes opplevingar på reisene.
Ekteheit
Sunnmøringen kjenner Brit godt, og ser at ho er seg sjølve både med og utan kamera; ho er ekte og tør å vise det. Dette er nok nokre av hovudårsakane til at nettopp ho blei spurt, då han alltid har vore veldig oppteke av at det han lagar skal vere så nært 100 prosent ekte som mogleg.
–Brit har alt, roser han, og trekker fram den positive energien og hennar ekte engasjement, og meiner det at ho er heilt ukjent er essensielt og gjer at ho presanterer "ein av oss", ein av folket.
Han møtte ho for første gong for omkring seks år sidan:
–Eg forstod fort at du var heilt unik, seier han til ho.
Han henvender seg til gjestane:
–Eg har jobba i denne bransjen sidan tidleg på 90-talet, og eg trur ikkje eg treng å seie noko om det eigentleg. Dykk har no sett pilotepisoden, og Brit har eit eller anna heilt unikt talent i kamera. Og ho er 100 prosent seg sjølv. Når eg tek opp eit stort kamera, så er ho fortsatt heilt ekte, smiler han.
Gode vener
På reisene og under prosessen har dei vorte svært gode vener, noko dei trur er vesentleg for resultatet. Dei er begge opptekne av at dei i tillegg til å vise det dei ser og opplever som natur, arkitektur og alt det fysisk fine, óg skal formidle at dei har det bra på tur og at det er god stemning.
–Og det trur eg vi klarer, nettopp på grunn av det. Så eg synes det har vore heilt fenomenalt å ha vore på tur med deg, smiler Brit til turkameraten.
Gjennom nålauget
Dei er kun to, men dei utfyller kvarandre godt. Tor veit kor vanskelig det er å selge inn eit så stort prosjekt som dette utan eit kjent fjes. Så for å selge inn idéen til NRK lagde han denne protoepisoden, og reiste saman med Brit til Marienlyst så NRK fikk møte henne.
–No får vi eit nytt, friskt pust inn i den norske TV-verda, og det synes eg er heilt fantastisk det du har fått til, Brit - enkelt og greit, smiler han.
Brit er også veldig stolt over kva dei har fått laga, og tenkjer høgt:
–Er det mogleg å ha så god ein fotograf? Ser dykk bileta? Ser dykk kor spektakulær formidling Tor har med kameraet sitt - og ikkje minst klipping i ettertid?
–Eg synes det er heilt, heilt unikt. Eg trur det norske folk kjem til å bli litt bergtatt av denne serien her nettopp på grunn av det, smiler ho.
Engasjert publikum
Brit og Tor inspirerte mange av dei oppmøtte som sa dei fekk lysst på tur etter dei hadde sett visningane. Og fleire kom med spørsmål då det blei oppmodning om å spørje om det ein ville etterpå.
Brit fekk påpeika at ho har ungdommeleg energi, og fekk spørsmål om ungdom er målgruppa dei rettar seg mot. I utgangspunket er serien laga for vaksne og godt vaksne, barnefamiliar, bobilturistar og alle som har lysst ut på biltur, men det er godt mogleg dei treffer fleire med hennar vinnande vesen og den flotte presentasjonen av norsk natur.
Det kom også spørsmål om dei har andre prosjekt i andre land, noko det tydeleg var ønskje om. Dei vil først gjere ferdig dette prosjektet, men måtte innrømme at det er noko dei har lysst til, og dei har allereie leika seg med tanken.
Tre kjappe til slutt
Trollheimsporten tek ein kort spørjerunde med dei to etterpå, mest med Tor då Brit skal vere med på podkast i Trollheimspodden seinare:
Kor møtte du Brit første gong?
Dei møttest første gong heime hos ho på Raudsand då ho hadde ein idé til eit TV-program og tok kontakt med ei som er produsent i Tindefilm, kor han óg jobba. Slik blei det tidlegare omtalte matprogrammet som ble sendt på rbnett.no til. Det var Sivertstøl som var filmfotograf på dette programmet, og han såg straks at ho hadde eit særskilt talent:
–Det var det første eg spurte om; "Kvifor har eg ikkje sett deg på TV før?" Det er noko spesielt med ho, smiler han.
Filmfotografens tidligare idé om å lage ein serie om norske turistvegar blei dermed nærare ein realitet.
Korleis er det å vere på tur ilag med Brit?
–Det er jo heilt fantastisk. Vi er gode vener óg. Den profesjonelle inngangen til det er éin ting, men vi er to stykker som er på tur og vi filmer det vi opplever, seier han og forklarer at det ikkje finst noko manus, noko som skaper ekteheita i det.
–Og det er viktig for meg, seier han, og fortel at det her ikkje er noko som er rigga eller regissert, eller ein regissør som ønsker å få fram noko særskilt som dei må førebu seg på før kameraet slås på.
–Her er berre Brit sin opplevelse av turen, hennar engasjement rundt turen og det vi møter på tur.
Brit er óg svært nøgd med sin makker:
–Tor si unike formidling av akkurat det er heilt essensielt. Han er heilt unik fordi han presterer å kombinere eit stort teknisk talent, han er ein fantastisk dyktig fotograf, men så er han óg ein kunstnar. Slik at Tor ser ljos, stemning og så har han evna til å formidle det fordi han har den tekniske tyngda, på ein heilt formidabel måte. Og det å få lov til å jobbe ilag med noko slik, det er jo heilt utruleg stas. Det gjer meg særs audmjuk og takksam. Og eg trur vi har vorte eit bra team rett og slett. Det er eit eller anna som gjer at vi utfyller kvarandre på ein svært god måte.
Brit er ekte overraska og overvelda rett som det er i serien, når ho får sjå ulike naturfenomen og andre severdigheter. På spørsmål om han held igjen informasjon om plassane, for å få den ekte overraskelsen på film, svarar Tor:
–Ja, viss eg kjenner til der vi er, så prøver eg å ikkje seie for mykje, for ja, det er heilt essensielt at det er hennar første oppleving av det. Då igjen, den ekteheita.
–Ja, vi har opplevd faktisk fleire gongar at vi kjem til plassar, og så kanskje kjem vi dit kvelden før, og så skal vi begynne å filme dagen etterpå, skyt Brit inn og fortsett:
–Og da seier Tor "No må du sitje og halde igjen augene og sjå ned, for du skal ikkje sjå dette her før i morgon", aper ho etter han på sunnmørsk. –Vi har faktisk gjort det, ler ho.
Tor fortel óg at dei var på Andøya i sommar, kor dei har gjort opptak i tilfelle dei får lage fleire episodar. Der køyrte dei ein omveg på andre sida for å sleppe dette på tur dit. Slik fekk Brit ha augene opne heile turen utan å ha sett turistvegen før dei skulle ta til med filminga.
Premiere
På nyåret får resten av landets befolkning sjå første episode av den nye serien. Etter sesongen er det opp til NRK om dei får forlenge avtalen. Dei to kan fortelje at TV-kanalen er svært positiv til det dei allereie har laga, men det er sjåartala som bestemmer.
Sjøl har dei to eit stort ønskje om å få fortsette på denne reisa saman, og er allereie godt i gang med innspeling av sesong to i tilfelle dei får tilbodet. Så får vi håpe det blir meir rikskringkasting av desse to flinke, kunstnerinske og kreative gledesspreiarane - kanskje både i inn- og utland.
Ikkje alt opptak blir med i TV-serien. Sjå gjerne meir frå desse to på "britogtor" på Instagram og videoar og snuttar av litt av kvart "behind the scenes" på YouTube-kanalen "beyond the roadtrip".