Statsforvaltaren i Møre og Romsdal melder:

Jerv.
Jerv.

Lisensfelling av jerv

I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 6 jervar i lisensfellinga som startar 10. september. Det skriv Statsforvaltaren i ei pressemelding fredag.

Publisert Sist oppdatert

I Møre og Romsdal kan det fellast 5 jervar i beiteprioritert område. Innanfor forvaltningsområdet for jerv kan det fellast 1 jerv. Sjå kart på Statsforvaltaren si heimeside.

Lisensfellingsperioden for jerv varer frå og med 10. september til og med 15. februar.