Gau gjeng frå Vårsøg 4H

Ivrige ungar på brannvernkurs

Publisert

Vårsøg 4H var på laurdag invitert til brannstasjonen på kurs i sikkerheit og brannvern. Det vart dessverre ikkje ver til bålbrenning, men alle fekk omvising på brannstasjonen og prøve å sitte i bilane.

Frå brannvesenet stilte Reidar Rudolfsen og fortalte om kva jobben deira går ut på, og han fortalde at dei vil mykje heller drive med brannvern enn brannslokking. Ungane fekk komme med spørsmål, og det mykje iver, sjølv da det var teori. Dei delte av eigne erfaringar og vanar, og somme foreldre var kanskje litt flaue.

Harald har fått opplæring i brannvern før, og hadde stålkontroll på frie rømningsvegar.

4H-klubben er mykje ute i frliluft, og det blir rett som det er tent bål, difor hadde klubbrådgjevar Berit spurt om råd for å kle seg ved bålbrenning. Reidar fortalde om ulike typar stoff i klede, og korleis dei brenn. Flagrande gevantar, acryl og klede med luft inni er skumlast, medan ull er det tryggaste.

Heldigvis har vi eit godt brannvesen som driv aktivt med brannvern og opplysning i skulane, men det blir aldri for mykje. Og det gjorde godt for store og små å få eit påminning og oppdatering. På spørsmål om kva to ting han vil dra fram som ekstra viktig å formidle, nemner Reidar desse:

-Ikkje lad om natta! Mange brannar startar i ledningar, og ladeledningar er ekstra utsett for slitasje og om natta kan det vere for seint før ein oppdagar brann.

-Ha ein fast møteplass utom huset i tilfelle brann! Dette er veldig viktig for at ikkje nokon skal springe inn i brannen igjen for å leite etter nokon som alt er utkomme. Gjer ein avtale med familien, og repeter den jamt.

Det kjekkaste med besøket var sjølvsagt å få sjå brannbilane. Det er ein imponerande park med mange store køyretøy, og vi fekk testa blålysa.

Abbas og Nim Liam, som fortel at dei begge går i 2c, tykkjer det er kjempestas å vere på brannstasjonen, og det aller gøyaste var å sitte inn bilane.
Kristian og Emilie inspiserer utstyret baki brannbilen.
Nim Liam og Abbas sjekkar om det står til liv med den veldig naturtro øvingsdukka.
Lukas Alexander
Powered by Labrador CMS