FRAM melder:
Barn og honnør kan bruke verdidel på reisekortet fram til 31. desember
I dag kan barn og honnør fylle pengar på reisekortet og bruke denne verdidelen til å betale for billetten om bord. Etter 31. desember blir verdidel borte som betalingsmiddel på bussane og hurtigbåtane i Møre og Romsdal.
- Vi jobbar vidare med å finne eit godt alternativ for denne gruppa, men det blir dessverre ikkje klart til 1. januar 2024, seier Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM marknad.
- Grunna tekniske utfordringar er det vanskeleg å seie ein dato når den er klar, men vi jobbar med saken.
Det er verdt å merke seg at barn og honnør kan kjøpe billetten om bord utan å betale ombordtillegg.
Refusjon
Har du pengar igjen på reisekortet kan du få refundert eventuell restverdi etter 31. desember 2023 ved å sende inn skjema til FRAM Kundesenter på frammr.no.
Å kjøpe periodebillett kan fort lønne seg
Karlsnes seier vidare at verdidel ofte blir brukt for barn og honnør som reiser lite, og opplyser om at det kan lønne seg med periodebillett også for desse.
- Prisen for ein periodebillett som varer i 30 dagar er 390 kroner for barn og honnør, fortel ho.
- Ein vanleg enkeltbillett er 22 kroner per reise når du bruker verdidelen. Det vil seie at det lønner seg med periodebillett dersom du reiser 18 reiser.
For informasjon om kollektivtilbodet, besøk frammr.no eller ta kontakt med FRAM Kundesenter.