Klart for pizza. Frå venstre Kjell Arve Vikavoll, Aldona og Arve Evensen

Populær quizkveld på Todalshytta

Det vart ein triveleg quizkveld Todalshytta fredag kveld, med delvis knivskarp konkurranse om seieren.

Det er todalen.no som først skriv om arrangementet. Fire lag med fire deltakarar på kvart lag stilte i kvass konkurranse med Knut Bergli som quizmaster.

Kveldens quizmaster Kjell Bergli med assistent Maria

Laget Hjørnet med Knut Halset, Amund Talgø, Jo Gjeldnes og Torkjel A. Moe gjekk av med sigeren med 42 rette av dei 50 spørsmåla med varierande tema. Premien var eit gåvekort fra Todalshytta.

Vinnarlaget Hjørnet med Knut Halset, Amund Talgø, Jo Gjeldnes og Torkjel A. Moe
Andreplassen gjekk til laget Husby og Halse

Etter konkurransen vart det servert velfortent pizza til svoltne qizdelatakarar.

Det var ikkje noko frossenpizza Todalshytta hadde å tilby gjestene. Tre sortar heimelaga pizza stod på menyen.

Arve Evensen er vertpå på Todalshytta. Han var godt nøgd med responsen på pizzakvelden, og lovar meir Quiz & Pizza utover våren.

Powered by Labrador CMS