Todalsdagen 2022

Vinnarane i manns- og kvinneklassen, Håvard Gjeldnes og Lisabeth Sæterbø

Ræta opp i pøsregn

Vi var fleire som var spente på korleis det skulle gå å springe ned beitet i Ræta opp i år, men både Håvard og Lisabeth kom seg heilskinna ned og vann kvar sin klasse.

Publisert Sist oppdatert

I kvinneklassen kom Lisabeth Sæterbø inn på tida 14:04. Håvard Gjeldnes vann mannsklassen på tida 11:24. Rett etter Håvard kom Isak Drøpping inn på ei imponerande tid, 11:33.

Mor til Isak, Ingvild Kårvatn, som også er primus motor for Ræta opp, fortel at Isak byrja å trene på løping i fjor. Han spring mest fjelløp, så dette var eit litt uvant løp for 14-åringen.

Håvard Gjeldnes var imponert over innsatsen til Isak Drøpping

Fotballcupen som óg blir arrangert på Todalsdagen, vart avlyst etter nokre kampar på grunn av det dårleg ver. Ungane fekk heldigvis med seg Miniræta før dei for heim og vermde seg.

Tøffe ungar som deltok på Miniræta til tross for pøsregn
Nathaniel Stenberg Aas kom først i mål, og kunne fortelje at mamma var frå Kvanne og pappa var frå Rennebu.
Petter Stangvik var godt kledd for løpet, regnklede og støvler passa bra i dag.

Ræta opp fekk inn 7050 kroner i år. Alle pengane går til gatelaget i Kristiansund Ballklubb. Gatelaget er eit tilbod til rusavhengige i Kristiansund. Dei spelar fotball og har det kjekt saman.

– Eg er så fornøgd med oppmøtet, seier Ingvild Kårvatn. Eg blir rørt over kor mange som kjem og støttar opp sjølv om veret er som det er. Det har vorte som ein tradisjon for mange og komme på Ræta opp kvar sommar.

HER kan sjå heile resultatlista.

Powered by Labrador CMS