Vårsøghelga:

To unge karer på orgelbenken
Patric J. Pöpppel og Johannes Høyland ved orgelet i Todalen kyrkje

Fin «Orgelstafett» i Todalen kyrkje

Publisert

Vårsøghelga 2024 starta i går onsdag, og i dag var ein av programpostane «orgelstafett». Stafetten var eit samarbeidsprosjekt mellom Vårsøghelga, NTNU i Trondheim og Surnadal kyrkjelege fellesråd. 

Dei fire studentane Johannes Høyland, Tove Kyvik, Solveig Karoline Flekstad Vik og Patrick J. Pöppel ved Institutt for musikk ved NTNU inviterte, på vegne av arrangørane til orgelkonsertar i Øye, Todalen, Mo og Åsskard kyrkjer. I Todalen kyrkje var det Johannes Høyland og Patrick J. Pöppel som representerte studentane frå NTNU i «orgelstafetten». 

Johannes og Patrick er studentar ved fakultetet for kirkemusikk ved NTNU i Trondheim, som er eit bachelorstudium i kyrkjemusikk. Universitetslektor Erling With Aasgård, frå Åsskard i Bæverfjord er ein av dei som underviser Johannes og Patrick ved fakultetet, kunne dei fortelje. 

To unge musikere i Todal kirke
Patrick og Johannes ønskte velkommen til "orgelstafett" i Todalen kyrkje.

Det møtte opp knapt tjue personar for å få med seg etappen av «orgelstafetten» i Todalen kyrkje. Tidspunktet, og ikkje minst vêret må nok ta sin del av skulda for at fleire ikkje tok turen til kyrkja. Men dei som kom til kyrkja fekk ein fin tidleg ettermiddagskonsert med to dyktige musikkstudentar. Repertoaret dei spela var komponert av J. S. Bach, D. Buxtehunde og Max Reger.

Orgelet i Todalen kyrkje er eit Torkildsen-orgel frå 1932, som i 1995 vart ombygd og utvida av H. Brinch-Hansen.

Etter konserten overrekte John Moe, frå Todalen Sokneråd kvar si bok om historia til Todalen kyrkje til dei to, som ein takk for ein fin konsert.

 

Utdeling av bok til musikerne
John Moe frå Todalen Sokneråd overrekte Patrick og Johannes kvar si bok om historia til Todalen kyrkje.
Powered by Labrador CMS