Una Langeland Gravvold

Sølv til Una

Publisert Sist oppdatert

Bøfjordingen Una Langeland Gravvold frå Surnadal Taekwon-Do klubb fekk sølv i e-world cup i ITF Taekwon-Do. Etter å ha slått ut dyktige folk frå fleire land, vart det eit knepent tap mot ei frå Molde. Utruleg at to juniorer frå Møre og Romsdal skal møtes i finalen.

Una synes sjølsagt det er litt surt å tape ein finale, men er godt fornøyd med plasseringa.

- Som trener er eg svært så imponert over prestasjonen. I tillegg er eg imponert over utviklinga Una har hatt. Ho er på landslaget i sparring, så her snakker vi allround utøver. Ho hjelper også yngre utøvere med å instruere dei, og har fått ei innstilling til det ho driv med, der ho greier å vri om knappen når mesterskapet er over , til å sjå kva som verkeleg er viktig i livet. Idrett er artig, det er spennende, men det står ikkje om liv. Som trener gjer dette meg både stolt og glad, seier Kjell Gunnar Polden.

Powered by Labrador CMS