Oliver og Magnar kosar seg på juletrefest.

Juletrefest i Mo

Publisert Sist oppdatert

5. juledag inviterte Mo FAU til juletrefest i Øvre Surnadal.

FAU-leiar Marianne Hansen Røv ynskte oss velkomne, og sa ho tykte det var stas å endeleg få arrangere juletrefest igjen.

Med godt basarsøg, god mat, loddsal, og gang rundt juletreet, vart det eit triveleg romjulstreff i Mosoknet.

Elise og Sigrid er flinke forsongarar.
Sivert Magnus les opp vitsen han fekk i smell-bongbongen sin. Vitsen er ikkje så enkel å forstå, tykkjer Magnhild.
Marianne Hansen Røv er glad for at Mo FAU endeleg kan arrangere juletrefest igjen.
Blide loddseljarar, Ingrid og Kristi.
Astrid Meland står for loddtrekkinga.
Maria og Arthur er godt fornøgd med gevinsten dei vann.
«O jul med din glede!» Gang rundt juletreet med Tove Mogstad som fast pianist.
Når barna syng «På låven sitter nissen», da kjem nissane.
Ingebrigt får godteri av nissen.

...

Powered by Labrador CMS