Annonse
ANNONSE FRÅ ÅSSKARD SOKNERÅD:
Hugs dugnaden
Åsskard sokneråd minner om dugnadskvelden onsdag. Kyrkjegardsgjerdet og bårehuset skal målast.
Både uthuset og utgarden ved Åsskard-kyrkja er prega av ver og vind og treng skraping og måling. Dessutan er det behov for litt småflikking på gjerdinga, mellom bortgraving av jord attmed stakittet.
- Kyrkja skaffar måling, kostar og skraper, lovar leiar Eva Svendsen og Bernt Bøe i soknerådet. – Men det er fint om nokon tek med spade, grev eller hakke også.
Dugnaden er onsdag 2. juni og startar klokka 17. Varigheta er avhengig av oppmøtet.
- Blir vi mange, er arbeidet fort unnagjort. Skulle derimot to-tre entusiastar halde på, blir det seinkveld! seier dei to og trur den sterke dugnadsånda vil prege også denne kvelden.
Soknerådet serverer kaffe, bakels og anna godt til arbeidsgjengen.