Rikeleg lauv å ta av på Gammelkyrkjegarden, konstaterer Heidi Solem (t.v.) og Tobjørg Settem. Men humøret er likevel på topp.

God dugnadskveld i Åsskard

Publisert

Med stort deltaking og effektivt arbeid vart det ein vellykka rakardugnad ved Åsskard-kyrkja måndag.

Onnafolk i alle aldrar (frå 8 til 87!), konfirmantar, foreldre og pensjonistar sørga for ryddig kyrkjeområde til komande festdagar i mai.

Konfirmantane var oppfordra til frivillig deltaking. Omtrent alle møtte og bidrog til at kyrkjeområdet er rydda og reint til konfirmasjonsdagen 26. mai.

Attmed kyrkja var det lite rusk i år. Derimot vart det mange presenning-drager med lauv å fjerne på Gammelkyrkjegarden ved Trøa.

Her har det lenge vore behov for å hogge dei store trea som står rundt gravstaden. Dette vil no bli gjort i samband med den vedtekne utvidinga som straks blir sett ingang.

Gravstøtter som denne frå 1800-talet er stilfulle kulturminne, seier Nora Bøe. Denne heldt på å forsvinne.
Yngste deltakar var 8-årige Amalie – og det med eiga rive!

Somme starta rakinga tidleg på dagen. Og med mannjamnt oppmøte til «settand tid», var det meste unngjort på ein stor time.

Soknerådet med leiar Eva Jorid Svendsen i spissen rosa alle for innsatsen. Og som synleg takk serverte Kari Aarnes og Inger Lise Heggem pølser, saft, kaffe og kaffemat i Kyrkjestua da økta var slutt.

Mat og drikke er vel fortent, seier soknerådsleiar Eva og sørgjer for at konfirmantane får saft attåt pølsene.
God stemning attmed kaffebordet i Kyrkjastua etter endt dugnad.
Powered by Labrador CMS