Aurora og Kjell Gunnar sammen med sjefen for opplegget i Finnland

Forbereder oss til sesongstart

Publisert

Denne helga er to av instruktørene i Surnadal NTN Taekwon-Do klubb i Tampere i Finland for å lære meir. Seminar i grunnteknikk, mønster og sparring med dyktige internasjonale instruktører.

Seminaret har berre 35 deltakarar så det var fulltegna tvert. Dei aller fleste er topp konkurranseutøvarar, men opplegget tek for seg både heilt grunnleggende ting og måter å legge opp trening på.

Mykje triveleg folk å bli kjent med. Her ein gjeng frå Finnland og Sverige som tok lunch i det fri saman med oss

Aurora Berle og Kjell Gunnar Polden er med frå Surnadal. Klubben startar i haust nybegynnarparti både på Ålvundeid og i Surnadal. Det er berre å gå inn på fb sida til klubben å finne tidspunkt og melde seg på. Mange tidlegare medlemmer har også annonsert at dei vil starte opp igjen, så vi venter ei stor gruppe frå hausten.

Aurora sparrer med ein utøvar frå Ukraina.
Powered by Labrador CMS