NM og LM i Taekwon-Do på Sotra

Norgesmester i sparring, Aurora Dønheim Berle, saman med coach Råg Dyrnes Schei

5 gull, 1 sølv og 3 bronse til Surnadal Taekwon-Do Klubb

Surnadal Taekwon-Do Klubb er kjempefornøgd med helgas resultat.

Trollheimsporten fekk snakke med ei av gullmedaljevinnarane, Aurora Dønheim Berle. Ho vart norgesmeister i sparring i sin klasse (eldre junior, minus 65 kg).

Ho fortel at dette er det siste junior NM'et hennar. Det var ni utøvarar i klassen hennar, og fire av desse er landslagsutøvarar, inkludert henne sjølv.

– Det er mykje trening som ligg bak. Surnadal Taekwon-Do Klubb er ein skikkeleg bra klubb, all ære til dei, seier Aurora.

Finalen var hard mellom dei to lagvenninnene, men sigeren gjekk til surnadalsjenta.

– Det var kjempeartig! Sjølv om eg vann er vi gode venninner, og vi gav kvarandre ein god klem etter finalen, fortel Aurora.

Oddrun Persdotter Fiske har sendt Trollheimsporten ein rapport og bilder frå meisterskapet. Ho skriv:

«Det er mykje å følgja med på heile tida og både utøvarane og vi tilskodarane treffer gamle kjente frå sommarleirar og tidlegare meisterskap. Det er kjempetriveleg både å sjå og oppleva. Det er på eit vis eit stor veneflokk som likevel konkurrerar mot kvarandre etter tur og orden.

Resultat laurdag:

Benjamin Karlsen NOFO, gull sparring og bronse i mønster

Una Langeland Gravvold sølv i mønster

Heidi Fiske bronse i mønster

Karin Jonsgård bronse sparring

Solveig Knarvik og Daniel Mørck Paradina, NOFO, Gull i tradisjonell sparring

Lone Jenstad, som har besteforeldre i Surnadal, tok sølv, mens Heidi Fiske tok bronse i mønster
Ein herleg surnadalsgjeng
Una Langeland Gravvold tok sølv i mønster laurdag
Karin Johnsgaard tok bronse i sparring
Heidi Fiske tok gull i sparring på søndag, og Lone Jenstad tok sølv.
Ulrik Akrim tok gull i sparring på søndag, her er han saman med coach Mari Fiske

Resultat søndag:

Gull i sparring til Aurora Dønnem Berle

Gull i sparring til Heidi Fiske

Gull i sparring til raudbelte Ulrik Akrim. Da vart han landsmeister.»

Powered by Labrador CMS