Annonse
ANNONSE:
Vindøldalstur med Fjellgruppa
Tirsdag 21.6. legg vi turen til Vindøldalen.
Vi køyrer eit godt stykke innover dalen før vi går etter god skogsveg opp til Kjerringenga, fylgjer kløvstien til Stortoilla og vidare til Teigasetra. Derifrå til Breiskarsetra og så bortover til Breiskarbekken, derfrå sti nedover til brua og rasteplassen, før vi går etter vegen attende til bilane.
Lett og triveleg tur etter gamle ferdselsvegar.
Vi møtest nedanfor Øyekjerka kl 1000 og samkøyrer opp over.
Vel møtt!