Surnadal NTN Taekwon-Do klubb melder:

Stinn brakke på trening

Surnadal NTN Taekwon-Do klubb har fulle hus både på barneparti, ungdomsparti og vaksenparti. Med covidregler er det rett og slett ikkje plass til fleire.

Publisert

Klubben frykta fråfall etter ein lengre pause i vår og sommar, men spesielt vaksenpartiet har hatt stor pågang. Vi tok inn ei mindre gruppe med barn no i oktober, og no er det stinn brakke der også.

Men etter jul kan det vera at vi disponerer eit rom til på Nordmøre Folkehøgskule så fleire kan få sjansen.

Stemninga er på topp for tida, og vi har ein svært dyktig og engasjert instruktørstab. Også avdelinga på Ålvundeid er temmeleg full, men her er det plass på eit nybegynnarparti enda.

Powered by Labrador CMS