ANNONSE:

Kulturhus og bibliotek i påska

Surnadal kulturhus vil vere ope til vanlege tider ut palmehelga, men det blir nokre endringar for dei tre kvardagane før skjærtorsdag. Opningstider for desse dagane blir:

Måndag 11. april kl. 08-19.30
Tysdag 12. april kl. 08–20
Onsdag 13. april kl. 08–19.30

Biblioteket vil ha vanleg opningstid dei to første dagane, men vil vere stengt onsdag. Biblioteket vil difor vere ope:

Måndag 11. april kl. 14–18
Tysdag 12. april kl. 11–15

Dei som har «meirope»-tilgang til biblioteket kan nytte seg av tilbodet alle tre dagane, måndag–onsdag, kl. 08–18 (merk at det blir stengt litt tidlegare enn til vanleg).

Kulturhuset blir heilt stengt frå og med skjærtorsdag til og med 2. påskedag, og det vil med det heller ikkje bli muleg å få tilgang til det meiropne tilbodet på biblioteket.

Powered by Labrador CMS