ANNONSE:

Trondheimssolistene

Held på tradisjonen

TrondheimSolistene vil også markere det komande nyåret i Surnadal kulturhus. Og denne gongen med eit fyrverkeri av ein solist!

Fredag 8. januar er dei her igjen. Og nok ein gong med eit variert program, med solist og gjestemusikarar.

Gjestemusikarane er lokale: Elevar frå kulturskulane Surnadal/Rindal og Sunndal vil spele på lag med TrondheimSolistene på nokre nummer.

Solisten er Eir Inderhaug, utdanna i Danmark og med mange solistoppdrag også i Tyskland og Sverige. I tillegg til heime sjølvsagt; som med «Les Misérables» ved Trøndelag Teater, «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad og «Peer Gynt» ved Gålåvatnet. Eir Inderhaug taklar både opera, musikal og operettar klokkereint, i tillegg til meir vanlege konsertar som denne. Ho er noko av det næraste ein kjem nyttårsfyrverkeri frå ei scene – og slik sett ein passande solist til konserten 8. januar!

Powered by Labrador CMS