ANNONSE fra Surnadal Kino:

Ekstra med film

Det fine kinovêret held fram, så Surnadal kino har sett opp enno meir film enn planlagt (og annonsert).

Mest for dei yngre; det skal seiast. Men slik dei har storma inn for å sjå «MINIONS – HISTORIEN OM GRU», blir filmen sett opp to gongar ekstra: fredag 15. kl. 13 og tysdag 19. juli kl. 18.

Elles vil Buzz Lightyear, romspeidaren kjent frå «Toy Story», også suse innom torsdag 14. (kl. 13 og 18), fredag 15. kl. 18 og søndag 17. juli kl. 18. I «LIGHTYEAR» får han selskap av robotvenen Sox, og andre rom-arbeidarar i dette animerte science-fiction-eventyret.

Thor slår sine siste slag i Surnadal fredag 15. og søndag 17. juli (kl. 20). I Marvel-filmen «THOR: LOVE AND THUNDER» blir han utfordra av Gorr The God Butcher (Christian Bale) som gjerne vil slakte ned det han kjem over av gudar. Ver merksam på at filmen ikkje høver for dei som er lyssensitive (sekvensar med blinkande lys).

Georgia Nolan har berre ønska seg ein ting: å bli brannmann, og det er ikkje muleg for kvinner i New York i 1932. I «ILDSJEL» kler ho seg ut som «Joe» for å kunne få arbeide med det ho helst vil. Dette verka så spennande at kinoen har sett opp ei EKSTRAFRAMSYNING av «Ildsjel» søndag 17. juli kl. 16 (merk tida).

Sjølv om kinoen har feriestengt frå komande veke, er det ikkje full stopp: det vil bli vist ein barnefilm (og da mest «Ildsjel») kvar tysdag og torsdag framover (kl. 18).

Powered by Labrador CMS