Surnadal kommune blir meldt inn i ROBEK
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bedt Kommunal- og distriktsdepartementet om å melde Surnadal kommune inn i ROBEK. Dette skriv Stasforvaltaren i Møre og Romsdal på sine hjemmesider mandag.
Kommunen vedtok 18. desember 2025 eit budsjett som viser at dei brukar meir enn to år på å betale tilbake underskot frå 2024.
Etter kommunelova § 28-1 første ledd, bokstav c skal ein kommune meldast inn i ROBEK dersom driftsdelen i økonomiplanen eller driftsbudsjettet viser at eit meirforbruk skal dekkast inn over fleire enn to år etter at det oppstod.
Surnadal kommune sitt vedtak om årsbudsjett og økonomiplan 2026–2029 gjort 18. desember 2025 i sak 74/25, viser at kommunen brukar meir enn to år på å dekke inn meirforbruket som oppstod i 2024.
Må ha ein plan for inndekking
Kommunar i ROBEK skal seinast dekke inn meirforbruk innan fire år etter at det oppstod. For Surnadal betyr det at alt underskotet frå 2024 må vere dekt inn i løpet av 2028. Kommunar som er meldt inn i ROBEK må vedta ein plan for inndekking av meirforbruk og ein tilhøyrande tiltaksplan som viser korleis dette skal skje.
– I dag har vi orientert Surnadal kommune om at brev om innmelding i ROBEK er sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet, og vi har allereie avtalt eit møte med kommunen 5. januar. Tema for møtet blir oppfølging av Surnadal som ROBEK-kommune og investering i helsehus, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.
Statsforvaltaren kontrollerer botnlinja for alle kommunar sitt budsjett. I tillegg gjer Statsforvaltaren lovlegkontroll av budsjetta til ROBEK-kommunar. Dette vil bli gjort for Surnadal på eit seinare tidspunkt.
Se også Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine hjemmesider.