Surnadal kommune melder:

Skal du søke barnehageplass?

Hovudopptaket har søknadsfrist 15. februar.

Dersom du har barnehageplass treng du ikkje søke på nytt.

Hovudopptaket har søknadsfrist 15. februar og gjeld for barnehageåret 2026/2027 frå 15. august 2026. Du må søke innan fristen dersom du skal ha ny barnehageplass, endre plassen du allereie har, eller ønsker overføring til annan barnehage.

Merk: Dersom du allereie har ein søknad inne for inneverande barnehageår (2025/2026) og framleis ikkje har fått plass, må du sende inn ein ny søknad for å bli vurdert til opptak i det nye barnehageåret.

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Surnadal kommune sin logo/komunevåpen
Powered by Labrador CMS