Namnesak Slætta/Sletta

Surnadal kommune sett med dette i gang namnesak for Slætta/Sletta og Slættvegen/Slettavegen (Bøfjorden krins).

Kartverket har tidlegare vedteke namnet «Slætta», men har no gjort om statusen til namnet frå eigedomsnamn til grendanamn. Sia det er kommunen som vedtek grendenamn, er det såleis opp til kommunen å avgjera om dei vil sette i gang namnesak.

Vedtaket på grendenamnet vil også avgjera namnet på vegen, da skrivemåten av det overordna namnet (grenda) styrer korleis det avleidde namnet blir skrive. Det gjeldande vedtaket er pr. no «Slættvegen».

Opphavet til namnet er ikkje «slette» eller at området er særleg «slett» (flatt), men heller slætt/slått i tydinga «slåtteteig» og, i dette tilfellet, utskilde parsellar for nydyrking. Denne mulege mistydinga (at «sletta» blir oppfatta som bunden form av «ei slette») er truleg grunnen til at Kartverket har valt ein normert skrivemåte, med –æ, i staden for dialektuttalen. For i denne delen av kommunen blir slætt uttala med klar e-lyd (slett), og det har såleis vore sett fram ønske lokalt om å få skrive «Sletta» og «Slettavegen».

Partar med uttalerett er dei som har adresse ved denne vegen og/eller bur i denne grenda, samt lokale lag med særleg tilknyting til namnet/området. Men har andre grunngjevne innspel, tek ein sjølvsagt også mot dei. Ein ber om at uttalane blir grunngjevne, ved at ein t.d. viser til uttale, opphav eller skrifttradisjon.

Forutan lokale partar, vil ein hente inn uttale frå Stadnamntenesta (Språkrådet).

Surnadal kommune har i tidlegare korrespondanse med Kartverket bede om ny namnesak for å få «Sletta» som grendanamn og «Slettavegen» som vegnamn. Men ein er sjølvsagt open for andre innspel før saka går til avgjerd, og det er såleis særs viktig at dei som er av anna meining ytrar seg i denne høringsrunden.

Frist for uttale er sett til 11. februar og kan sendast til [email protected] eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.