Surnadal kommune melder:

Brosjyre fra Surnadal kommune med illustrerte yrkesgrupper og liste over viktige nødnummer.

Lanserer ny informasjons­brosjyre til eldre og ikkje-digitale innbyggarar

Brosjyre fra Surnadal kommune med illustrerte yrkesgrupper og liste over viktige nødnummer.

Surnadal kommune lanserer ny informasjonsbrosjyre til eldre og ikkje-digitale innbyggarar: DIN KOMMUNE 2026

For å sikre at alle innbyggarar får god tilgang til informasjon om kommunale tenester, lanserer kommunen no ei ny informasjonsbrosjyre retta mot eldre innbyggarar som ikkje brukar digitale løysingar. Brosjyren gir ei oversikt over sentrale tenester og kontaktpunkt som kan vere til hjelp i kvardagen for denne målgruppa.

– Vi ønsker at alle skal ha lik tilgang til informasjon, uavhengig av om dei er aktive digitalt eller ikkje. Denne brosjyren skal gjere det enklare å vite kva vi tilbyr og kvar ein kan henvende seg når ein treng hjelp eller støtte, seier kommunikasjonsrådgivar Anne Lise With Vullum.

Eit enkelt verktøy for tryggleik og oversikt

Brosjyren inneheld blant anna:

  • Kontaktinformasjon til viktige kommunale tenester
  • Tilbod innan helse, omsorg og praktisk bistand
  • Råd om tryggleik, aktivitetar og sosial støtte
  • Beredskapsinformasjon

Informasjonen er presentert i eit kortfatta og lettlest format, spesielt tilpassa dei som ønsker papirbasert informasjon.

Tilgjengeleg både på papir og digitalt

Brosjyren kan lastast ned frå kommunen si heimeside, og kan hentast fysisk på sørvistorget, biblioteket, frivilligsentralen, og kan distribuerast via tenestene.

    – Vi oppmodar både innbyggarar, pårørande og frivillige om å hjelpe til med å dele brosjyren med dei som treng den mest. Vi blir fleire eldre og informerte innbyggarar er god samfunnsberedskap, sier Vullum.

Brosjyre fra Surnadal kommune med illustrerte yrkesgrupper og liste over viktige nødnummer.
To-spaltet brosjyre med oversikt over ulike hjelpetjenester og telefonnumre.

    Brosjyren vil bli oppdatert årleg eller ved behov.

Powered by Labrador CMS