Surnadal kommune melder:
Brukarundersøking om politiske møte på nett
IKT Orkide skal fornye systemet for gjennomføring og strømming av politiske møte for medlemskommunane. Innbyggarar og presse er inviterte til å gi innspel.
Som ein del av dette arbeidet ønsker IKT Orkide å forbetre korleis innbyggarane og media kan følge med på politiske saker og møte, både i forkant, undervegs og i etterkant. Målet er å gjere løsysingane meir tilgjengelege, oversiktlege og brukarvennlege.
For å sikre val av ei løysing som også ivaretar innbyggaranes behov, ønsker IKT Orkide innspel frå publikum. Alle er difor inviterte til å delta i ei kort spørjeundersøking om korleis politiske møte følgast i dag, og kva som er viktig i slike løysingar.
Undersøkinga tar 3-5 minutt å gjennomføre, og svara vil inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget i anskaffingsprosessen.