Kenneth Bergstad - arkivbilde
Kenneth Bergstad - arkivbilde

Bergstad har takka ja til vikariatet som oppvekstfagleg rådgivar

Publisert Sist oppdatert

Kenneth Bergstad (47) var ein av to søkarar på stillinga som oppvekstfagleg rådgivar i Surnadal kommune. Den andre søkeren var Elin Vidste (25) frå Trondheim. Vikariatet er i perioden 01.06.22 - 31.07.23.

Bergstad arbeider i dag som einingsleiar for Øye og Skei barnehage.

Samtidig som stillinga som oppvekstfagleg rådgivar vart utlyst, søkte også Surnadal kommune etter logoped, undervisningsinspektør ved Surnadal barne- og ungdomsskule og SFO-leiar ved Surnadal barne- og ungdomsskule. Se søkarlista her.

Personalrådgivar Olav Jan Settemsdal seier til Trollheimsporten at det foreløpig ikkje er tilsett nokon i desse tre stillingane.

- Det er ikkje gjort endeleg tilsetting i stillingane som logoped, undervisningsinspektør og SFO-leiar. Det er dessverre vanskeleg å seie heilt klart når ein forventer at det er gjort endeleg tilsetting i desse stillingane, seier han.

Powered by Labrador CMS