ANNONSE:

Barnehageopptak og søknadsfrist i Surnadal for barnehageåret 2021-2022

Vi minner om at søknadsfristen for opptak i kommunale barnehagar i Surnadal for barnehageåret 2021-2022 er 15. februar.

Her er litt informasjon til deg som skal søkje om barnehageplass:

  • Du skal ikkje søkje for barn som allereie har plass, og ikkje skal endre plassen sin.
  • Det nye barnehageåret startar den 15. august 2021
  • Søknadsskjema finn du her https://barnehage.visma.no/surnadal
  • Tildeling av plass skjer i høve reglane i barnehagelova, kommunen sine vedtekter og forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage
  • Du vil få svar på søknaden din til hovudopptaket så snart som mogeleg etter at søknadsfristen er gått ut, og seinast innan medio mars
  • Sjekk om du har fått opptaksbrev i Digipost, Altinn eller liknande

Du kan få hjelp til utfylling av skjemaet på servicetorget i kommunen. Dersom du ønskjer det, kan du også få utlevert papirversjon av skjemaet. Eventuelt papirskjema sender du til:

Surnadal kommune

Bårdshaugvegen 16650 Surnadal

Velkommen som søkjar!

Kommunalsjefen