Surnadal Kommune:
Kunngjering av tid og stad for førehandsstemming
Kunngjering av tid og stad for førehandsstemming
Ordinær førehandsstemming
Frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september kan du førehandsstemme på Surnadal kulturhus frå kl. 09.00 – 15.30 måndag til fredag. Frå 28. august til og med torsdag 7. september er det utvida opningstid frå kl. 09.00 – 17.00. Fredag 8. september blir det halde ope til kl. 15.30.
Det blir førehandsstemming ved institusjonane og andre stader slik:
• Surnadal vidaregåande skole
Tysdag 5. september kl. 10.00 – 12.00
• Nordmøre folkehøgskole
Tysdag 5. september kl. 13.00 – 15.00
• Surnadal sjukeheim
Onsdag 6. september kl. 10.00 – 12.00
• Bårdshaugen omsorgsbustader
Onsdag 6. september kl. 13.00 – 15.00
Ambulerande stemmegjeving
Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan stemme på ein av stemmestadene, kan du søkje valstyret om å få stemme heime. Du kan ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00 eller sende skriftleg søknad til Surnadal valstyre. Send søknad per e-post til post@surnadal.kommune.no eller per brev til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Frist for å søkje om å få stemme heime er 5. september 2023.
Hugs å ta med legitimasjon og valkort!
Meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet finn du på kommunen si heimeside –
www.surnadal.kommune.no.
Surnadal valstyre