ANNONSE:

Vallokale og opningstider i Surnadal kommune på valdagen

gSurnadal kommune har 2 dagars val: Søndag 12. og måndag 13. september 2021.

Vallokala i den enkelte krets har desse opningstidene:

Nedre Surnadal krets: Surnadal Idrettshall

  • søndag 12. september - kl 14.00 – 19.00
  • måndag 13. september - kl 10.00 – 20.00

Desse vallokala er opne måndag 13. september kl 12.00 – 20.00:

  • Mo krets - Mo skule
  • Bæverfjord krets - Bæverfjord skule
  • Bøfjorden krets - Bøfjorden grendahus
  • Stangvik krets - Stangvik skule
  • Todalen krets – Todalen, i barnehagebygget

Veljarar i karantene

Veljarar som er i karantene skal ikkje stemme i eit ordinært vallokale. Er du i karantene kan du kontakte Surnadal kommune valdagen måndag den 13. september på telefon 71 65 58 00 i opningstida kl. 09.00 til kl. 15.00. Du kan og sende ei melding til: [email protected] seinast måndag den 13. september kl. 15.00. Vi formidlar kontakt med aktuelt stemmestyre, som vil avtale tidspunkt for å ta imot stemmen din i bil utanfor vallokale i opningstida.
Dersom du ikkje har høve til å møte i bil, kan du før kl. 10.00 valdagen den 13. september søke om ambulerande stemmegjeving/stemme heime. Då sender du ei melding til [email protected] eller ringer telefon 71 65 58 00.

Veljarar i pålagt isolasjon

Dei som er pålagt isolasjon eller nærkontakt- karantene grunna covid-19 og slik ikkje kan møte i eit ordinært vallokale på valdagen, vil få informasjon frå smittesporingsteamet om kva dei skal gjere. 2 Hugs å ta med legitimasjon og valkort!

Meir informasjon om Stortingsvalet og sametingsvalet finn du på kommunen si heimeside – www.surnadal.kommune.no