Surnadal kommune melder:

Helsesykepleier Marianne Hansen Røv.

Tilbod om oppfriskings­dose til fleire risiko­grupper

Desse får tilbod no:

Oppfriskingsdose til personar med underliggande sjukdom

Regjeringa gir kommunane klarsignal til å tilby oppfriskingsdose med koronavaksine til fleire.

Det må ha gått minst 4 månader frå du sist fekk koronavaksine. Dersom du nyleg har fått bekrefta gjennomgått covid-19 kan du velje å vente 3-4 månader med å ta oppfriskingsdosen. Du må uansett vente 3 veker frå du vart frisk att med å ta oppfriskingsdose.

Vi sender ikkje ut innkalling frå C19! Tilhøyrer du ei av gruppene under kan du no ringe Vaksinetelefon 913 79 001 og bestille deg time til vaksinering:

Personar i aldersgruppa 18 - 64 år i risikogruppe

Har du alvorleg svekka immunforsvar, alvorlig underliggande sjukdom eller dårleg kontrollert sjukdom er du no anbefalt ei ny oppfriskningsdose. For enkelte pasientgrupper blir dette 5. dose. Oversikt over aktuelle risikogrupper hos FHI

  • Dersom du har alvorleg svekka immunforsvar og sist fekk anbefalt oppfriskingsdose frå fastlege/spesialist, kan du bestille deg time utan ny vurdering.
  • Dersom du er kreftpasient med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling, anbefaler vi deg først å kontakte spesialisthelsetenesta for ei individuell vurdering.

Ungdom i aldersgruppa 12 - 17 år med alvorleg grunnsjukdom

Du er anbefalt oppfriskingsdose dersom du har ein av desse grunnsjukdommane frå FHI si liste under:

  • Organtransplantasjon (f.eks. hjerte, nyre, lever etc.).
  • Immunsvikt (eksempelvis medfødt immunsvikt eller bruk av medikamenter som gir betydelig systemisk immunsuppresjon)
  • Hematologisk kreftsykdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • Annen aktiv kreftsykdom, pågående eller nylig avsluttet (innen siste seks måneder) behandling mot kreft - spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • Nevrologiske sykdommer eller muskelsykdommer som medfører nedsatt hostekraft eller nedsatt lungefunksjon
  • Kronisk nyresykdom med betydelig nedsatt nyrefunksjon
  • Alvorlig hjertesykdom (barn med hjertesvikt, alvorlig pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammersykdom/«Fontan-barn»)
  • Alvorlig lungesykdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorlig astma med forverringer som har behøvd akutt sykehusinnleggelse siste året)
  • Annen svært alvorlig sykdom. Vaksinasjon i slike tilfeller vurderes individuelt av barnelege.

Gravide i 2. og 3. trimester

Gravide har høgare risiko for alvorleg sjukdom ved covid-19 enn andre på sin alder. Risikoen for alvorleg sykdom aukar utover i svangerskapet og er størst i 2. og 3. trimester. FHI anbefaler difor oppfriskingsdose til denne gruppa gravide.

Vaksineringsdatoar:

Torsdag 22. september
Fredag 28. oktober

Ved stor pågang blir det sett opp fleire datoar.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS