Surnadal kommune melder:

Informasjon om ekstra oppfriskingsdose til to avgrensa målgrupper

Surnadal kommune melder på sine heimesider at to målgrupper no kan få tilbod om ekstra oppfriskingsdose etter avtale:

FHI opnar for at eldre frå 80 år og oppover og personar med alvorleg svekka immunforsvar no kan få tilbod om ei ekstra oppfriskingsdose. Det er den velprøvde vaksinetypen frå Pfizer som er aktuell.

Til personar med alvorleg svekka immunforsvar

Dersom din behandlande sjukehusspesialist anbefaler deg fleire doser koronavaksine enn du har fått til no, ber vi deg ta kontakt med vaksinekoordinator på Vaksinetelefon: 913 79 001 (mån. - fre. kl. 09.00 - 15.00)

Til personar 80 år og eldre

Eldre oppnår generelt lågare immunrespons enn yngre og har ein høgare risiko for å bli alvorleg sjuke om dei skulle bli smitta. Folkehelseinstituttet opnar difor for at du som er i denne alddersgruppa, som har fått 3 doser og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, no kan få ei ekstra oppfriskingsdose om du ønskjer det.

Det må ha gått minst 4 månader frå du sist fekk oppfriskingsdose. Om du får ei ekstra oppfriskingsdose denne våren, utelukkar ikkje dette at du også kan få tilbod om ny oppfriskingsdose til hausten.

Timebestilling og vaksineringsstad

Ring Vaksinetelefon: 913 79 001 eller send epost til vaksine@surnadal.kommune.no dersom du ønskjer ei ekstra oppfriskingsdose no i vår.

  • Vaksnieringa skjer etter avtale på Helsestasjonen
  • Første vaksineringsdag for ekstra oppfriskingsdose er fredag 13. mai
  • Det vil bli sett opp fleire vaksineringsdagar etter behov

    Les meir om kva FHI skriv om ekstra oppfriskingsdose til desse to målgruppene.
Powered by Labrador CMS