Todalen og Stangvik Oppvekstsenter

Ei oppslagstavle med mange tegninger fra Emil i Lønneberget.
Tavla til 1. og 2. klasse etter ein lesedag med Emil som tema.

Hujedamej! Emil i Lønneberget fyller 60 år!

Publisert Sist oppdatert

I 2023 er det 60 år sidan Astrid Lindgren skreiv si første bok om Emil i Lønneberget. Markeringa på Todalen og Stangvik Oppvekstsenter viser at fortellingane om Emil fenger like godt i dag, som for 60 år sidan.

Elevane på 1. til 7. trinn har denne veka markert 60års-dagen til Emil frå Lønneberget med lesedag. Elevane har blitt kjend med folket frå Katthult gjennom høgtlesing, stillelesing, film og ulike aktivitetar, til dømes «sett hale på grisen». Klassane har óg dekorert klasseromma og blitt kjend med forfattaren Astrid Lindgren.

Flere barn som sitter og se på Emil i Lønneberget på TV.
Det blei mykje latter av rampestrekane til Emil!
Et barn med bind for øynene som setter på en hale på en tegning av en gris på veggen.
Sett hale på grisen!
Ark opphengt på veggen. Tegninger fra Emil i Lønneberget og barneskrift.
Skrivetrening på småtrinnet, namna på folket i Katthult.

Emil er ein karakter som er lett å like for store og små! Han har eit hjarte av gull, og vil berre hjelpe dei rundt seg, men ofte blir det ikkje som han hadde tenkt seg. Det blei mykje latter i klasseromma da elevane fekk sjå og høyre historiene om rampestrekane til Emil.

1.og 2. klasse skulle teikne det dei hugsa best frå filmen, og da var det da Emil heisa lillesøster Ida opp i flaggstonga dei fleste ville teikne. Alfred og Emil i båten var også populær.

Noen barn som sitter og tegner.
2. klasse godt i gang med teikningane sine.
Barneteginger opphengt på en vegg.
Flotte teikningar frå fortellingene om Emil.
Barnehender som tegner.
Ida i flaggstonga.

3. og 4. trinn hadde god kjennskap til Emil, men ville finne ut noko dei ikkje visste frå før. Ein elev fann ut at bøkene er oversett til 53 ulike språk, og ein annan elev fann ut at Emil var favorittfiguren til Astrid Lindgren sin pappa, fordi handlinga var lagt til den tida han sjølv var barn. Etterpå gjekk elevane rundt i gangane på skulen og løste ein «Emil-quiz».

Filmen og utklipp frå bøkene fenga også elevane på mellomtrinnet, og dei hadde óg ein Kahoot! om Emil etterpå.

To gutter som henger opp en plakat.
3. og 4. klasse hadde quiz om Emil.
Fire jenter som går i en gang.
På utkikk etter fleire spørsmål på Emil-quizen.
Barneskoleelever i et klasserom som ser på TV.
Mellomtrinnet ser på Emil og grisungen.

Lesedagen inspirerte til lesing, skriving, leik og samtale rundt tema Emil i Lønneberget.

Powered by Labrador CMS