ANNONSE:

«Gjøkeredet» i senior­filmklubben

Nok ein skikkeleg klassikar i SENIORFILMKLUBBEN onsdag 16. november kl. 12. «Gjøkeredet» (1975) vann heile fem oscars – m.a. som «beste film», «beste regissør» (Milos Forman), «beste mannlege hovudrolle» (Jack Nicholson) og beste kvinnelege hovudrolle. Den siste prisen vann nyleg avlidne Louise Fletcher for rolla som sjukepleiar Ratched.

«Gjøkeredet» sette fokus på psykisk sjuke og den behandlinga dei, frivillig eller ufrivillig, vart utsett for. Eller kanskje handla filmen heller om kven som var dei normale, pasientane eller dei tilsette – og kor blindt ein skal følgje autoritetar?

SENIORFILMKLUBBEN er ein klubb som er open for absolutt alle som har passert ungdomsskulealder. Namnet ber nok litt preg av at dette er eit samarbeid mellom kulturhuset, pensjonistlaget, senioruniversitetet og «Den kulturelle spaserstokken». Men det er ein ordinær filmklubb, organisert gjennom filmklubbforbundet – så alle er meir enn velkomne til å bli medlem!

Elles avvik filmklubben litt frå vanleg kinoframsyningar, ved at det til vanleg blir ein kort introduksjon før eller etter filmane blir vist.

Det er ein film att før jul, etter denne: Fantastiske «Cinema Paradiso» blir vist onsdag 14. desember.

Powered by Labrador CMS