Birk og Magna

Christer Steffensen og Sivert Kalvø Harang mingla og var velvillige til å salå av ein prat under kulturtorget.

Unge filmskaparar med ambisjonar

-hardt arbeid og engasjement har gjeve gode resultat

Publisert Sist oppdatert

Under kulturtorget laurdag fekk Trollheimsporten slått av ein prat med to blide og superengasjerte filmskaparar. Christer Steffensen er regissør og Sivert Kalvø Harang, som er halvt surnadaling, er produsent. Saman har dei skrive manuset til denne spenningsfilmen for ungar. Det var viktig for dei å lage ei historie som ikkje foregår i ein by på Austlandet, og at karakterane snakkar dialekt.

Gruvedrift og kraftutbygging er aktuelle tema i heile Noreg, og i læreplanen. Derfor har dei og fått laga eit opplegg med filmstudieark, og promoterer dette som ein film eigna i undervisning.

Eg spør dei om det er eit stekt miljøengasjement som ligg i botn, og det kan dei bekrefte. Det er likevel viktig for dei å ikkje gje ein fasit, men vise ulike konsekvensar av naturinngrep og å skape refleksjonar. 'Grønvasking' og falsk miljøprofil der målet eigentleg berre er profitt, ergrar desse karane, og det vil vi og sjå i filmen. Denne filmen er laga utan rike investorar som kan seie kva som skal med og ikkje med, så dei har fått laga det dei vil.

Eit relativt lågt budsjett har gjort at dei må vere kreative, og arbeidd med kvalitet i heilskapen. Dei ville at karakterane skulle vere ekte og truverdige, noko eg etter å ha sett filmen, absolutt kan seie dei er, men det er absolutt ikkje einaste kvaliteten i dette veldig gjennomførte prosjektet. Dei håpar dei har laga ein film som skapar nok engasjement til at dei kan få laga meir film, for dette brenn dei for.

Filip Kremner, som spelar sympatiske Birk, var tilstades under førpremieren.

Desse sympatiske karane er veldig takknemlege for å få jobbe med etablerte skodespelarar som Bjarte Hjelmeland og Helge Jordal. Jordal skulle eigentleg vere med til Surnadal, men var dessverre sjuk. Jordal, som er ein surnadalsvenn, har vore ei enorm støtte for dei undervegs.

I rein James Bond-stil har fimen og sin eigen song. Ei ny utgåve av Vårsøg, sunge av Karianna Sommero. Da dei kom på at dei ville bruke Våsøg trudde dei mesta ikkje det var muleg, men ein får ikkje 'ja' utan å spørje, og Henning tente på ideen. Einaste han var oppteken av var at dialekta vart teke vare på, og det er i desse gutane si and. Dei skryt uhemma av Karianna si nydelege røyst og flotte vesen.

Karianne Sommero ser drømmende ut i lufta
Karianna Sommero syng den nye versjonen av Vårsøg, arrangert av Tom Andre Hellesund

For dei som gjekk glipp av forestillingane denne helga er det ny mulegheit når den kjem på kino 9. mai. Filmomtale kjem!

Powered by Labrador CMS