ANNONSE:

Line Hoem og Aslaug Holm i Generasjon Utøya
Line Hoem og Aslaug Holm i Generasjon Utøya

Høgaktuelt på kinoen

Oscar-vinnar og norsk dokumentar på Surnadal kino frå helga.

Begge filmane vart via stor og velfortent plass i media sist helg; og sjølv den danske oscarvinnaren har eit norsk utgangspunkt: nemleg psykiater Finn Skårderuds noko omtrentlege formulering om at vi alle er fødd med ein manko på ein halv promille i blodet.

DRUK
DRUK

I «Et glass til» bestemmer fire lærarar seg til å teste ut denne teorien for å sjå om liv og karriere går betre med konstant å ha denne halve promillen med alkohol. Og det verkar lovande – i alle fall til å begynne med. «Berusende godt om fyll på godt og vondt», skreiv Adressa, om filmen som fekk Oscar som beste internasjonale film denne veka.

DRUK
DRUK

I dokumentaren «Generasjon Utøya» møter vi fire av dei som var der under den tragiske hendinga ti år tilbake – og som ikkje har gjeve opp sitt politiske engasjement. Sterkt nordmørsinnslag i filmen, representert ved regissør Aslaug Holm og to av dei medverkande; Line Hoem og Ina Rangøynes Libak. «Rørende og forfriskende om Utøya-overlevende», oppsummerte Dagbladet.

Ina Rangønes Libak på tur over til Utøya
Ina Rangønes Libak på tur over til Utøya

Merk at det også blir vist «full pakke» tysdag, og heile kinoprogrammet finn du ved å gå inn på www.surnadal-kulturhus.no/program/

Powered by Labrador CMS