ANNONSE:

Trøndersk dynamitt til helga i Surnadal med to eksplosive filmar - førpremiere på Alle hater Johan

Alle hater Johan, men i Surnadal elskar vi Hallvar Witzø! I alle fall overbevisande nok til at filmbyrået har gjeve oss førpremiere på ALLE HATER JOHAN. For Witzø har ei viss tilknyting til Surnadal, da han var assistentlærar på folkehøgskulen for nokre år sia. Han var den første norske regissøren som både har vore nominert til Oscar-pris og palmepris i Cannes – for to av sine kortfilmar. ALLE HATER JOHAN er langfilmdebuten til Witzø, og manuset er skrive av Erlend Loe.

Filmen er spelt inn på Titran, lengst vest på Frøya, og Tore Strømøy, sjølv frøyværing, gav filmen ein blank seks-ar på terningen. Andre har nøgd seg med fire og fem på terningen, men alle er samde om at Witzø og Loe presenterer eit fornøyeleg persongalleri. «Snurrig og underfundig bygdekomedie», skriv NRK. I rollene finn vi Pål Sverre Hagen, Ingrid Bolsø Berdal og, som komisk bifigur, John Brungot.

Den andre filmen som går til helga er dokumentaren om TROND GISKE – MAKTA RÅR. «Et unikt innblikk i Norges mest omtalte #metoo-sak», skriv Dagens Næringsliv. Det er visstnok over tjue år sia filmskapar Håvard Bustnes tenkte å lage ein film om Trond Giske, men den vart nok heilt annleis enn kva han tenkte da.

Både ALLE HATER JOHAN og TROND GISKE – MAKTA RÅR vil bli vist på dagkino i dei par første vekene som kjem. Og på dagkino har vi også eigen honnørrabatt, for dei som har rett på slikt.

Filmprogrammet finn du på www.surnadal-kulturhus.no

Powered by Labrador CMS