ANNONSE:

Fra "Den største forbrytelsen"

Surnadal kino utvidar

Smittesituasjonen gjer at kinoen går tilbake til meir vanleg drift – men ikkje riktig heilt…

Sjølv om kinoen no vil vise meir film enn før, er det under føresetnad av at ein følgjer eit smittevernkrav: ein skal unngå aktivitet som stimulerer til auka reiseverksemd mellom kommunane. Kort sagt: kinotilbodet er difor, og dessverre, i denne omgang berre tenkt for kommunens eigne innbyggarar.

Vi kan heller ikkje lokke med premierar, da byråa ikkje slepp noko særleg nytt så lenge det er stengt ned på Austlandet.

Men vaksenfilmen er uansett ikkje så gammal:

"Oj, en ordentlig god norsk storfilm!", skreiv VG. Filmen det er snakk om er «Den største forbrytelsen», som handlar om den heilt vanlege norske familien Baude og kva dei opplevde mellom 1930-talet og mot fredsdagane i 1945. Og «forbrytelsen» er at dei var jødar, eller heller: «forbrytelsen» er det som blir gjort mot dei av di dei var jødar. "Den største forbrytelsen" (aldersgrense 12 år) hadde premiere i romjula, men vart sett "på vent" veka etter. No er den tilbake, og vel verdt å sjå! Filmen vil også gå på dagtid i neste veke.

Fra "Den største forbrytelsen"
Fra "Den største forbrytelsen"

For dei yngre går «Operasjon Nordpolen – Svippen på eventyr» (6 år) onsdag 3. februar. Svippen er ein rev som arbeider med å sortere post ved det arktiske postkontoret. Men eigentleg vil han heller ut i felten og tek sjansen sjølv på å dra ut for å levere ein pakke til ein mystisk mottakar. Uforvarande kjem han over eit skummelt komplott som farlege Otto von Walrus står attom.

"Operasjon Nordpolen - Svippen på eventyr"
"Operasjon Nordpolen - Svippen på eventyr"

Den blir avløyst av ei sjarmbombe som vi no får eit gjensyn med: «Knutsen & Ludvigsen 2 – Det store dyret».

Livet går sin vante gang i tunnelen til Knutsen, Ludvigsen og den der grevlingen i taket. Kvardagane er prega av song, syltety og litt artig småkjekling. Men så får dei besøk av den strenge Konduktøren som vil kaste dei ut. Tunnelen er for tog, seier han. Da kjem dei to på at dei treng hjelp frå bestefaren til Knutsen; sjørøvaren Kaptein Knutsen kan nok ordne opp slik at dei framleis får bu i tunnelen! Men kvar er han? Det finn ein truleg ut på Surnadal kino frå fredag av.

"Knutsen & Ludvigsen 2 - Det store dyret"
"Knutsen & Ludvigsen 2 - Det store dyret"

Du finn heile kinoprogrammet på nettsidene til Surnadal kulturhus: https://surnadal-kulturhus.no/

Powered by Labrador CMS