Ingrun Ranes hadde keepertrening for unge surnadalsspelarar fredag ettermiddag. Øvst frå venstre: Eirin Husby Aamot (J13), Betiel Nashih Amanuel (J15), Ingrun Ranes, Emilie Holsbøvåg (J16), Tuva Storholt-Bergmann (J13). Nedst frå venstre: Erika Birkestøl (J10/J11) , Eira Sylte (J10/J11) , Live Skei (J10/J11), Marthe Brekke (J11)

Keepertrening med Ingrun

Fredag ettermiddag var det keepertrening med Volda-keeper Ingrun Ranes.

Publisert

Ingrun går siste året på videregåande og trenar kvar dag med eliteserielaget i handball i Volda. I vår skreiv Trollheimsporten om surnadalsjenta da ho signerte ein 2- årskontrakt med Volda Handball. Les saka HER.

– Eg spelar fast i 3. divisjon, men trener med eliteserielaget, det er mykje treningar, på laurdag også, seier Ingrun.

Ho har også fått prøvd seg på elitekampar, men det har vore mest på treningskampar.

Ingrun Ranes spelar for Volda Handball

Keeper med god kompetanse

I helga er ho heime i Surnadal, og da fekk ho lyst til å arrangere ei keepertrening for lokale keeperar.

Leiar i handballgruppa i Surnadal Elin Mo, tykkjer det er veldig gøy at Ingrun arrangerer ei keepertrening i Surnadal.

–Det har vore snakk om ei keepertrening med Ingrun ei stund, så vi var glad for at det passa for henne denne helga, slik at vi fekk gjennomført ei trening denne sesongen, seier Elin.

– Det er veldig gøy at ein keeper med så god kompetanse som Ingrun kjem heimatt ein tur og trenar jentene våre. Vi følger godt med på Ingrun, og trur ho kan nå langt.

Artig og lærerikt

22 jenter stilte opp i idrettshallen på keepertrening, åtte keeperar og 14 spelarar.

Eirin Husby Aamot er keeper på Surnadal J13. Ho tykkjer det er gøy å bli trena av ein eliteseriekeeper.

– Treninga var veldig lærerik, ho lærte meg mykje, ho viste meg korleis eg skulle redde nærskot, seier Eirin.

Eirin tykkjer det er veldig artig å stå i mål.

– Det beste med å vera keeper er å høyre applausen etter at ein har redda eit mål, seier Eirin og smiler.

Plassering og timing

Ingrun var fornøgd med treninga, og skryter av lærelystne keeperar.

–Eg hadde fokus på skadefri og tøying i oppvarminga. Deretter hadde eg hovudfokus på plassering og timing hos keeperane resten av økta, fortel Ingrun.

Ho tykkjer det er kjempegøy at det vart så godt oppmøte, og at ho fekk møte mange motiverte spelarar frå heimbygda.

– Det var litt utfordrande å gi konkrete og individuelle tilbakemeldingar til dei åtte keeperane som kom, men håper likevel dei fekk utbytte og inspirasjon ut av økta, seier Ingrun.

Powered by Labrador CMS