Årsmøte i Nordmøre Mållag 2026
«Vegen mot Noreg 2050» fekk vi høyre om på årsmøtet i Nordmøre Mållag laurdag 14. mars. Det var nestleiar Live Havro Bjørnstad som fortalde om langtidsprogrammet til Noregs Mållag som skal opp på landsmøtet i april. Andre aktuelle saker for målrørsla fekk vi også innblikk i.
Eit anna høgdepunkt var utdelinga av Målprisen 2025 til Eigunn Stav Sætre. Direktøren for Nordmørsmusea er ein solid nynorskbrukar som vi er glade for å ha på laget. Gratulerer med prisen, Eigunn! Keramikkfatet har eit tradisjonelt motiv og er måla av Sigrun Hesjehagen i Halsa.
Vanlege årsmøtesaker var det sjølvsagt også, og mykje diskusjon rundt korleis vi kan få auka salet av årboka «Du mitt Nordmøre». Konstruktive og interessante forslag kom fram, så vi får sjå korleis det går.
Olav Bjørn Nilssen har vore kasserar i fire år, men gjekk ut av styret no og fekk fine blomster med seg heim. Styret i neste arbeidsår er:
Ingrid Kjønnøy (leiar), Svein Sæter (nestleiar) Dordi Kjersti Mogstad (kasserar), Marianne Følsvik (skrivar), Einar Oterholm (styremedlem). På varalista står Ingunn Karijord, Ragnhild Aspås og Eirik Endresson Klinge.
Årsmøtet vart halde på Hammerstuene på Surnadalsøra. Det starta med graut og bakels, det er aldri feil. Takk til Heimbygdlaget i Surnadal og Rindal for praktisk ordning!
Nordmøre Mållag har no 291 medlemmar, men det er plass til mange fleire. Velkommen! (Send ordet NYNORSK til 2490, så ordnar det seg.)
--
Trollheimsporten beklagar at publisering av dette innlegget vart forseinka!