ANNONSE:

Sommarles-fest og barneteater

Surnadal bibliotek inviterer til festleg avslutting av «Sommarles» og eventyrleg barneteater laurdag 16. september.

Og om du, eller dine, ikkje var med på «Sommarles», er de meir enn velkomne til å sjå barneteatret biblioteket har leigd inn.

Askeladden friteater vil framføre «Ridder Aske» i Svorkasalen (1. etasjen i kulturhuset) klokka 14. Det er litt spesielle figurar med, så stykket passar nok best for dei frå fire år og oppover. Inga påmelding; berre møt opp!

Timen før, klokka 13, blir alle som var med på Sommarles inviterte på ei enkel feiring med bollar og saft i biblioteket. Biblioteket vil ha oversikt over kor mange som kjem, og ber om at ein varslar frå, helst før fredag, på telefon 476 80 797, SMS, e-post eller via facebook.

Det var 183 av «våre» i barneskulealder som sommarlas i år. Kampanjen, som gjekk frå juni og ut august, skal stimulere leselysta i sommarferien – slik at ein også held «treninga» ved like til skulestart, og enno viktigare: dyrke gleda ved å lese og leve seg inn i forteljingane.

Dei 183 unge i Surnadal kommune registrerte at dei las 2808 bøker på totalt 276 503 sider (lydbøker er medrekna i dette talet). Det gir eit snitt på 15 bøker for kvar deltakar – og det må ein seie er ein bra innsats!

Powered by Labrador CMS