ANNONSE:

Plakat for 'Det mørke fortet'

Spelar du Minecraft og har lyst ut på eit action-eventyr?

Da vil Teatret Vårt sende deg ut på eit spesialoppdrag i Surnadal!

 Teatert Vårt/Riksteatret kjem til Surnadal kulturhus 28. februar med Minecraft-stykket DET MØRKE FORTET. Og til det stykket er dei ute etter seks lokale skuegamarar.

Kva gjer ein skuegamar? Da sitt du litt til sides og spelar Minecraft mens skuespelarane er på scena. Det skuegamarane gjer, blir vist på ein storskjerm på scena.

Skuegamarane møter ei stund før forestilling for å gå gjennom alt det artige dei skal gjera. Dei skal vere mellom 11 og 15 år og må ha erfaring med å spele «survival».

Det seier ikkje mange av oss over 15 noko, men har du ein i huset som er «innafor», gå til denne lenka og høyr om dette kan fenge – og meld ho eller han på:

https://www.teatretvart.no/om-teatret/presse/nyhetsarkiv/spiller-du-minecraft-og-har-lyst-til-a-vare-med-i-et-action-eventyr/

Powered by Labrador CMS