ANNONSE: Surnadal Kommune

Sverre Årnes
Sverre Årnes

Gamle jungelord frå Stevra

James Bond, Knut Gribb, Clay Allison, Larris Skjorhagen, Egon Olsen og Fantomet har ein ting til felles: dei har alle vore sendt ut på oppdrag av Sverre Årnes.

Sverre er nok mest kjent for sine seriebøker med handling lagt til eit tekkeleg forkledd Surnadal. Men denne gongen skal vi reise ut i ytterkantane av forfattarskapet til surnadalingen busett på Stevra.

Surnadal bibliotek inviterer til eit forfattartreff med Sverre Årnes måndag 13. november, der han i samtale med Svein Sæter legg ut mest om det du ikkje visste om Sverres skriftlege sideprosjekt.

Og kanskje vil ein bli betre kjent med Svein også? For han har stått ved at det ikkje finst betre måtar å koble av på enn å legge seg i badekaret og lese «Fantomet», og da kanskje eitt av dei 19 hefta Sverre har skrive manus til?

Finsk, Svensk og australsk

Nokon vil meine at dei som ikkje møter opp på dette er «pappskaller og hengerumper!», for å sitere ein anna av figurane Sverre har gjeve liv til: Egon Olsen. For vi reknar sjølvsagt med at Svein ringer Sverre i forkant og seier «Jeg har en plan» for korleis vi skal gjera dette, og så vil venteleg Sverre respondere: «Fenomenalt, Svein!».

Dei som vil finne ut av denne planen, treng ikkje å ta på seg hatt, frakk og solbriller og gå til kulturhuset som ein heilt vanleg mann denne måndagskvelden. Det er det nok at Fantomet gjer; vi andre, som ikkje drassar rundt på ein bengalsk ulv, må heller prioritere refleks.

Samtalen mellom Svein og Sverre startar kl. 18 måndag 13. november. Og, som alltid på biblioteket: fri inngang – og denne gongen takka vera arrangementstøtte frå «Den kulturelle spaserstokken» (Møre og Romsdal fylke).

Powered by Labrador CMS