ANNONSE:

Sosiale media i Surnadal

Sosiale media er altfor viktige til berre å bli synsa om. Magnus Hoem Iversen har difor saumfart forskinga og gir deg oppdaterte svar på Surnadal bibliotek onsdag 3. november kl. 19.30.

Er du på Facebook? Instagram? Snapchat? Eller nokre av dei andre? Og veit du kva det gjer med deg?

Hoem Iversen har, saman med Ida Aalen, samanfatta kva forskinga har funne ut: Blir vi avhengige og deprimerte av sosiale media? Er dei eit trugsmål mot demokratiet? Kva makt har selskapa som står attom dei sosiale media – og bør vi frykte dei?

Magnus Hoem Iversen og Ida Aalen har skrive boka «Sosiale medier», og Hoem Iversen vil legge fram kva dei har funne ut når biblioteket inviterer til sitt fjerde forfattarmøte denne hausten – og denne gongen i samarbeid med «Litteraturhus i Møre og Romsdal».

Fri inngang – og inga påmelding på førehand.

Powered by Labrador CMS