Freeski-cup

Samuel og
Samuel og

Frå Afrika til Sæterlia

-deltok på freeskicup etter berre nokre månader i Noreg.

Publisert

16. mars vart andre og siste runde i freeskicupen i Sæterlia arrangert. Det var ca. 50 deltakarar totalt. 27 superkids (under 10 år), som køyrer utan poeng, og 23 i klassane over. Litt fråfall i juniorklassane og lite jenter denne gongen, men det var mykje heftige svev, og glade ungar. Den største klassen var kids gutar (fødd 2011-2013), med 13 deltakarar. To av deltakarane i denne klassen deltok for første gong. Med sju og fire månader butid i Noreg, har ikkje Samuel Duku frå Sør Sudan og Hakim Mughusa frå Kongo lang erfaring med snø. Begge er ti år i år. Gutane er ivrige i slalombakken, og veldig tøffe i parken. Dei hoppar på dei største hoppane. Skikkelege tøffingar. Klassen Kids gutar vart vunne av Håkon Aune, medan Martin Sørlie stakk av med seieren i yngre junior gutar (fødd 2008-2010). I juniorklassen (2005-2007) imponerte Jarand Husby Haugen med cork 9 og vann. Simone Akrim hadde ikkje konkurrentar i kveld, men leia frå første runde og tok da glatt seieren. I seniorklassen er det synd Kristian Slettås ikkje får konkurranse. Han hoppa godt og fekk ein fin poengsum. I dameklassen kan underteikna vere glad ho ikkje hadde konkurranse. Ein flott kveld i bakken med mykje publikum, herleg ver og god stemning.

Simone Akrim vann yngre jenter junior
Simone Akrim vann yngre jenter junior
Speaker Halvor inervjua deltakarane om hoppa og triksa dei gjorde.
Speaker Halvor inervjua deltakarane om hoppa og triksa dei gjorde.
Kids gutar
Kids gutar
Chilling i bakken før start. Terje Haugen held styr på gjengen.
Chilling i bakken før start. Terje Haugen held styr på gjengen.
Yngre junior gutar
Yngre junior gutar
Superflott medalje til alle deltakarane.
Superflott medalje til alle deltakarane.
Junior gutar
Junior gutar
Powered by Labrador CMS