Ny singel frå SPOONMAN

Albumet Silent Psalm kjem 28. april. I dag kom singelen "The Immigrant song"

Stødig og gjennomført

-berre fire veker til plateslipp og releasekonsert

Publisert Sist oppdatert

Det er noko eige å sitte å vente på at klokka skal bikke midnatt for å få høyre den nye singelen til eit så tøft rockeband, og vite at dette faktisk er laga her, i Surnadal. The Immigrant Song skuffar definitivt ikkje. Sjangermessig har SPOONMAN mykje til felles med band som Foo Fighters, Queen of the Stoneage, Radiohead og andre band med røter i grunge og 90tals-rock, og denne singelen er ikkje noko unntak. Bandet har arbeidd med albumet over tid, og siste året med krigen i Ukraina har gjort denne låta haøgaktuell. Tematikken går på å måtte forlate og flykte frå heimen sin, sjå nære dø og å måtte ta tøffe val i livet, og kanskje møtest ein med misforståing og mistanke der ein kjem. Dette kjem fram i både tekst og melodi, og vi kan kjenne godt på kjenslene i gitarsoloen. Dette tålast å spele mange gongar, og blir berre betre og betre for kvar gong, og er aller best høgt på, sjølvsagt. Det er lett å kjenne litt stoltheit og eigarskap når noko så tøft kjem frå nabolaget. Det gledast til release-konsert!

SPOONMAN er Frank sPoon Botten(vokal, gitar), Torbjørn Kvande(bass, vokal), Jon Landsem(trommer).

Plata er gjeve ut via Rob Mules Reckords.

Powered by Labrador CMS