Stikk UT! Ski er i gong! Bildet er teke på veg mot Garthøglia ein tidlegare sesong
Stikk UT! Ski er i gong! Bildet er teke på veg mot Garthøglia ein tidlegare sesong

Sesongstart for Stikk UT! Ski

Publisert

Dei første Stikk UT!-skipostane for sesongen 20/21 er no opna i Surnadal. Koden er på plass på Tjønnmyran i Todalen og ved Klåberget og Øygardshalsen i Strengenområdet. Det er tråkka opp til Klåberget, men oppkøyrt med snøskuter til Øygardshalsen så langt. I løpet av 3. juledag håpar vi å få på plass koden i Magretlia på Nordmarka også.

Det melder Norunn Holten på Facebookgruppa «StikkUt Surnadal».

Dei øvrige postane er Garthøglia, Løålikjølen og Holtamoen. Dei blir opna så fort det er nok snø. Les meir om Stikk UT!Ski og postane i Surnadal her.