Stangvik Boligutvikling sitt leiligheitsprosjekt i gamle Stangvik Aldersheim:

Bjørn Kristian Brøske og resten av eigarane i Stangvik Boligutvikling er fornøgde etter å ha selt tre leiligheiter i løpet av den første veka.

God start på salet gir tru på realisering: – Dette skal vi få til no

20. juli starta Stangvik Boligutvikling salet av leiligheiter i gamle Stangvik Aldersheim. Ei stor veke seinare er tre av ti einingar allereie selde.

Publisert Sist oppdatert

I slutten av oktober 2019 fekk det den gongen nystarta Stangvik Boligutvikling tilslaget på å kjøpe Stangvik Aldersheim, Årvak, frå Surnadal kommune for 500 000 kroner.

Om lag ein månad seinare presenterte dei planer om å byggje ti leiligheiter i den tidlegare aldersheimen, i det Bjørn Kristian Brøske den gongen omtala som «eit reinspikka ildsjelprosjekt».

Brøske er ein av initiativtakarane bak Stangvik Boligutvikling og leiligheitsprosjektet, og han og dei andre har heile vegen vore klare på at dette er eit prosjekt som handlar om bygdeutvikling, og å skape bulyst i Stangvika.

20. juli starta salet av dei ti leiligheitene, som er frå 67 til 144 kvadratmeter store, og som er prisa frå 2,14 til 3,89 millionar kroner. I skrivande stund, ni dagar seinare, er tre leiligheiter seld.

Det tykkjer Bjørn Kristian Brøske og dei andre initiativtakarane er ein god start.

– Prosjektet har vorte godt motteke. Vi får mange henvendingar, og vi veit at mange vurderer å kjøpe. Samtidig er det slik at det å kjøpe leiligheit gjerne er ein modningsprosess for folk, så folk treng ofte litt tid.

Brøske har no stor tru på at Stangvik Boligutvikling kjem til å lykkast med å realisere prosjektet.

– Ja, spesielt med tanke på at tre leiligheiter vart selde første veka. Då tykkjer vi det ser realistisk ut å selje nok til at vi kan realisere det, seier han, og fortel at dei ser for seg å måtte selje fire til for å sette i gang med bygging.

Blant leiligheitene som er selt, er det leiligheiter både i første- og andre etasje.

– Det er veldig positivt, tykkjer vi. Det ligg kanskje litt i mange av oss at ein vil opp dersom det er to etasjar, men eg meiner at førsteetasjen her er veldig fin. Og det er det tydelegvis fleire som har sett, seier Brøske.

Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye
Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye

– Prisane er veldig gode

Prisane i byggebransjen har gått kraftig opp den siste tida, og Stangvik Boligutvikling har difor vore i forhandlingar med alle entreprenørar og samarbeidspartnarar, for å få låst alle prisar.

– Vi jobba hardt for å få det til, men no har vi fått låst alle prisar fram til desember. Det drog opp prisen på heile prosjektet med eit par millionar kroner, seier Brøske.

Den kostnaden fordelast på leiligheitene, og prisane vart dermed noko høgare enn initiativtakarane først tenkte. Brøske er likevel klar på at prisane framleis er gode, målt opp mot bustadmarknaden.

– Det ligg ingen gevinst for eigarane i dette prosjektet, så det er vanskeleg å sjå for seg korleis vi kunne gjort dette rimelegare. Vi håpar at kundane er realitetsorienterte nok til å sjå at prisane på leiligheitene er veldig gode, for det meiner vi dei er.

I og med at Stangvik Boligutvikling har fått låst prisane med alle entreprenørar og samarbeidspartnarar til desember, er perioden fram til då også tidsramma for når dei må ha selt nok leiligheiter for å realisere prosjektet.

Etter ferien, når det komplette prospektet er klart, startar arbeidet med å selje for alvor.

– Vi var litt i tvil om vi skulle opne salet før prospektet var klart, men vi kom til at vi tykte det var greitt at folk fekk starte modningsprosessen. Den startar gjerne når folk ser prisar og planteikningar, anten det er på Facebook-sida vår eller på skiltet utanfor bygget, seier Brøske, og legg til:

– No kan jo potensielle kjøparar berre køyre seg ein tur dit for å sjå, og føle litt på korleis det er der ein midtsommarsdag. Vi er optimistiske og har lyst at det skal bli. Så håpar vi at kundane dukkar opp etter kvart som dei får snakka med oss og kika nærare på prosjektet.

Vil arrangere informasjonskveld

Og sjølv om ikkje alt er spikra, er Stangvik Boligutvikling godt i gang med å planlegge korleis dei skal trekkje til seg dei kjøparane dei treng for å realisere prosjektet.

– Det som er på trappene no er ein bustadkveld, der vi har ein offisiell presentasjon av prosjektet, med hovudentreprenør Talgø MøreTre, oss som byggherre og forhåpentlegvis SpareBank 1 Nordmøre – som kan snakke litt om finansiering, med informasjon om korleis både unge og eldre kan legge opp eit slikt bustadkjøp, seier Brøske.

Han fortel at det på bustadkvelden og vil bli lagt opp til litt meir informasjon på detaljnivå, og at han ser for seg at nokre av Talgø MøreTre sine underleverandørar og kanskje kan stille.

– Vi veit at mange vurderer å kjøpe, men at dei gjerne vil ha litt fleire detaljar. Dette er ting vi tek tak i no når folk er tilbake frå ferie, seier Brøske, som seier at det og vil komme eit punkt der ein må sjå på om ein skal bruke meklar for å få selt leiligheiter.

Alle kundar vil og få tilbod om eit kundemøte med hovudentreprenør Talgø MøreTre, der ein kan gjere endringar, legge til ting og liknande.

Brøske legg ikkje skjul på at initiativtakarane no er styrka i trua på at prosjektet let seg gjennomføre:

– Dette skal vi få til no. No handlar det om å finne dei siste kundane. Finn vi fire kundar til - og det meiner vi skal vere realistisk - er det full gass. Då startar det.

Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye
Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye
Skisse, Stangvik Boligutvikling/arkitekt Georg Øye
Powered by Labrador CMS